- Opprettet 21. februar 2014
Kvifor velje toppidrett karate ved Etne vidaregåande skule?
Dersom du satsar mot norgestoppen i karate er tilbodet ved Etne vgs eit godt alternativ for deg!
Ved Etne vgs får du tett oppfølging av trenarar og lærarar både innanfor karatespesifikk trening og grunnleggande basistrening. Du vil vera ein del av eit team som fokuserer på å utvikle deg innan grunnleggande ferdigheter som uthald, styrke, balanse og koordinasjon, mental trening og karatespesifikk teknikk og fysisk trening.
Du blir ein del av eit heilhetleg treningstilbod gjennom Etne Kyokushin Karateklubb og trenar under leiinga av Geir A. Havreberg, 4.Dan Sort belte gjennom klubben og ein dobbeltime kvar skuleveke.
Vi ved Etne vidaregåande skule arbeidar heilhetleg med å utvikle deg som idrettsutøvar parallelt med å ta studieførebuande vidaregåande utdanning.
Årets satsing har gitt oss ein gullmedalje i EM – vi håpar at du vil vera med i den vidare utviklinga!
For mer info gå inn på linken under.
http://www.kampsport.no/portal/page/portal/main/forbund/nyhet?element_id=19966374&displaypage=TRUE